søndag 9. november 2014

George Siciliano igjen!

Nokon som huskar George Siciliano? Amerikanaren som kom til Eid og heldt kurs for 30 av våre medlemmar! Den store mannen med dei bittesmå lappane! Tusenvis av lappar.

Han syr framleis med dei bittesmå lappane sine, på papir, med den sjølvdesigna linjalen som han har fått i produksjon.

No har han vore på utstilling på den store Quiltefestivalen i Houston.

2014 Winners in Quilts: A World of Beauty,

the annual Judged Show of the

International Quilt Association

www.quilts.org


HER kjem du til heile samlinga av vinnarar i fleire kategoriar.


Under kategorien "Miniature Quilts" har han vunne 2. plass for quilten du ser på bildet under her.

Litt bilder frå quiltar han hadde med seg då vi hadde kurs med han i august 2010:



HER kjem du til innlegget om kurset vi hadde.

Desse to bilda er laga ev medlemmar, med mange tusen bitar! Beklager dårleg bildekvalitet, men bildet er frå utstillingsbilder frå Regionstreffet vi hadde i vår.

Ingen kommentarer: