onsdag 5. november 2014

Julekurs med AnnaKa!

Det nærmar seg julekurset, og gled dykk, for kurset er med AnnaKa!

Kurset er 28.-30 nov og temaet er "Log cabin" der vi lærer  å bruke den nye Log cabin-linjalen. Her er det mange nye muligheter  med teknikken som du ikkje har prøvd enno, du kan lage nye former og samansetjingar med denne teknikken.

Vi hadde påmelding på medlemsmøtet i går, men vi ser at vi enno har nokre få ledige plassar att. Så om du ynskjer å gå på kurset no etter å ha sett alle flotte bilda under her, så ta kontakt snarast med kursleiarane Ingun eller Grete. Det kan også være mogleg for dei som ikkje er medlem av vår klubb til å være med, men medlemmane har første prioritet. Uansett kven du er , ta kontakt for å forhøyre deg nærare om ledige plassar!

OBS! OBS! Her er oppdatering med kursinfo!

Kurs 28-30 nov.2014 Stokkenes Gjestegard
Kursleder Ann A. K. Johansen i Log Cabin m/linjal Fredag 18.00 21.00,Lørdag 10.00-17.30 
Søndag kl.10.00 15.30    16 timar
Kursavgift 500.- bet.til 3790.13.16660
 Du kan melda deg på til Ingun Vaksdal
tlf.57861395 eller 99482474
Dette blir eit kjekt kurs med tradisjonsrik teknikk
Teknikken passar til mykje ,men sidan det snart er jul vil eg anbefala bruk av raudt og grønt kanskje litt oker.Men valet er ditt.....
Helsing Ingun


Log cabin er truleg ein av dei første teknikkane ein brukte innan quilting, og sidan den har overlevd så lenge, ja så er den kanskje den beste teknikken også??? Iallefall verd å prøve ut. Og med AnnaKa som lærar, så er dette eit kurs der alle lærer noko, både nybegynnaren og den erfarne!

Runde former, her i mange fargar over her. Under ser du korleis du kan utnytte forma og setje den saman på ulike måtar.


Om du lurer på korleis ein får til den runde forma, så finn du det HER, "Curved log cabin".


Bildet over er henta frå sida til linjalprodusenten Marti Mitchell, her finn du ei oversikt over desse linjalane og korleis ein brukar dei. OBS! OBS! Det kan være ein annan linjal frå ein annan produsent AnnaKa brukar, skal oppdatere her med korrekt info så snart eg får tak i det.


NYYYT dette nydelege teppet!! Bildet er frå Pinterest, HER kan du finne mykje fint i denne teknikken. Så om du melder deg på eit julekurs, så treng du ikkje å sy i julefargar!

Sjå berre den vakre blomsterenga under her (også frå Pinterest),....perfekt for den som ikkje likar at vinteren kjem!!
...og teppet under her som svaiar på ei grein i vinden,....her kan du bruke fargar du ikkje trudde du fekk brukt!

Quiltebutikken Tonje Brodering på Kalandseidet i Bergen har hatt dette kurset tidlegare i år, HER ser du innlegget om kurset. Bilda under er frå bloggen deira.

Som du ser på bildet under, vert det også fint om du blandar inn alle fargar, det blir eit perfekt "resteteppe"!



Modell frå AnnaKa:

Bilder frå Pinterest:


Dette siste bildet er laga av Linda Rotz Miller, eit lite kunstverk! Så då kan vi til slutt oppsummere at med denne Log Cabin teknikken kan vi lage alt frå tradisjonelle quiltar, til det meir abstrakte og kunstferdige. HER er link til albumet hennar, med svært mange quiltar!!!

Velkommen til kurs alle som har meldt seg på!!

Ingen kommentarer: