lørdag 8. november 2014

Tryll med kvadrat!!

På siste medlemsmøte var temaet stjerneblokka "Disappearing hourglass".  Laila U P viste teknikken, ein teknikk som viste seg å være ein allsidig teknikk. Vi har før høyrt om "tryll med trekanter", men her fekk vi i praksis sjå korleis ein kan trylle fram mange mønster med to kvadrat i kontrastfargar.

Vi starta med to kvadrat på 10 x 10 inch. Desse syr vi saman rundt heile , rette mot rette. Om du vil sjå framgangsmåten på video, så finn du den på MissouriQuiltco. Eller på bloggen Fiberchick der det er bilder steg for steg. Bildet under her er frå den bloggen og viser korleis ein skråkuttar dei samansydde kvadrata.







 Her er Lailas ferdigsydde blokk.
Denne løparen har Laila sydd, legg merke til midten av stjernene, her har ho ikkje dreia midtblokka og får då ei anna stjerne!

Berre sjå på bilda under her, det er dei same blokkene som blir dreia på og som gjev mange ulike blokker, inkludert den vi egentleg skulle lære oss! Her får ein både i pose og sekk!! Og så kjekt å sitje og snu på delane og sjå kva som dukkar opp av mønster!








https://www.youtube.com/watch?v=xXggafOP230&feature=em-subs_digest

På bloggen fin du også innlegg om denne stjerna, HER er link.

Ingen kommentarer: