søndag 7. desember 2014

7. desembersydag!

Det er på tide med eit hjerte, eit kjent symbol i juletida.

For å være heilt tydeleg i definisjonen av hjertesymbolet, så har eg henta dette frå Wikipedia:

Hjerte (♥) er et utbredt symbol i tekst og bilder helt fra antikken og i flere kulturer. Hjertet symboliserer vanligvis kjærlighet, men også andre sterke, positive følelser og at noe er verdifullt.
Bildet er lånt frå Etsy, kunstnar er Pamela Kellegg.

Dette hjertet er i teknikken som vi kallar crazy quilt, men her er det ekstra dekorert med broderi og perler. Det er ikkje mønster til dette.
Då passar det godt å sende ei julehelsing til Ati Sas-Ham som no bur i Nederland. Ho heldt kurs for oss i fjor haust  og lærte oss å bruke denne teknikken.
Her er noko ho har sydd:
HER kjem du til eit innlegg om kurset, og HER kjem du til Ati sin blogg.

Om du vil sjå fleire hjerter i Crazy quilt med ulikk dekor og "stash", så er det ei side på Pinterest som heiter Corazones, ta ein kikk der!

Ingen kommentarer: