onsdag 3. desember 2014

Kurs med Andrè Wallenborg!

Klubben vår arrangerer kurset "Weekendbag " med Andrè Wallenborg  9.-11.jan 2015.
 Dei to bilda over er frå sida til Quiltegården i Trondheim.
 Her har det vore kurs hos Sølvtråden lappelag på Kongsberg!

Vi har allereie fått svært mange påmelde, og som vi ante, så er dette eit populært kurs. Vi hadde påmelding på julemøtet vårt i går, men er det andre av medlemmane som ynskjer å delta, må dei ta kontakt med Ingun.

Andrè har halde kurs for oss før, då var det Lommebok/selskapsveske vi laga.

Kurset "Weekendbag" har vore arrangert landet rundt, alltid med stor suksess og mykje skryt. Haugtussa Quiltelag hadde dette kurset i vår, og det er frå bloggen Birthes Rom bildet er henta. Gå også inn på bloggen og les om kurset.


Denne bagen finn du på sida til Snop!

Her finn du fleire bilder av bagen (...og litt anna også!)

Så sjå på alle flotte bagane,.....det er ikkje tilfeldig kva stoff du brukar, det bør kanskje være litt kraftig??

Ingen kommentarer: