fredag 28. februar 2014

Eit "Stjernereir"!

Denne stjerna heiter "Nested Star", tillet meg å kalle den eit "Stjernereir". Håpar nokon kommenterer dette om namnet er aldeles feil eller om det finst eit offisielt norsk namn.

Som de ser så ligg det ei lita stjerne inne på midten av den store, dvs. at den store ser ut som eit reir!! HER kjem du til mønsteret, og HER kjem du til hovedsida til "Oh my stars-alongen".

torsdag 27. februar 2014

"Chevron star"!

Dette er "Chevron Star"!! Vi ser korleis den ser ut,......men kvifor har den fått namnet Chevron??

Prøvde med online ordliste oversetting, men her var det ikkje noko kjent ord. Valget vart då eit reint søk på Google, og då vart det treff. Sjå berre her:


Ordet sjevron er lånt fra fransk og engelsk chevron, ordet som brukes for den vinkelformede grafiske figuren som i skandinavisk heraldikk kalles for en sparre. Opprinnelsen er den samme som for det franske ordet chevron, på norsk «sperre», som er dannet fordi sperrene i et tak møtes i vinkel. Ordet brukes også om militære distinksjoner i vinkelform, båret av underoffiserer i mange lands hærer, på norsk kalt «sersjantvinkler». I romansk arkitektur var en siksakbord av sammenhengende vinkler et vanlig ornament, særlig rundt vinduer og dører og i buer. Den kalles også chevron. Etymologisk er ordet utledet av vulgærlatin *caprione, fra latin caper, «geit» (fransk chèvre). Sammenhengen mellom vinkler og geiter kan være formen på bakbena, eller sporene de følger når de klatrer i bratt terreng. I fransk kan det også bety sildebeinsmønstret om vevnad.


Så no veit vi at om vi ser på vinklane i midtfeltet på stjerna, så liknar dette på takvinklar!!  HER kjem du til mønsteret, og HER er oversikt over alle stjernene i OH MY STARS-alongen.
Ha ein flott sytorsdag!!


onsdag 26. februar 2014

Tips til syrommet!

På den tyske bloggen Easypatchwork ligg det ute tips om korleis du enkelt kan lage deg eit praktisk skjærebord. Bordet er sett sammen av Ikea-modular som heiter Expedit.


HER kjem du til sida på Ikea der du kan sjå alle modulane. Ut frå bildet av bordet så er det sett saman av 2 eller 3 modular til kr 179 pr stk ( det er mest truleg der er 3 modular, men det viser ikkje bildet) og med to skuffemodular til kr 200 pr stk. Modulane som er brukte er 79 x 79 cm med djupne på 39 cm. Med bein under, så blir denne om lag så høg som ein kjøkkenbenk.
Ei stor plate er festa på toppen, og ei finèrplate under. I tillegg er det montert på 7 bein under.
Synest dette var ein god idè, så om nokon lagar seg eit slikt, eller har andre gode idear, så må de kontakte bloggred. så vi kan formidle fleire gode tips.
Oppdatering: Her er eit anna forslag på ein engelsk blogg som brukar akkurat same modulane, men på ein annan måte!

Ei vevd stjerne!!

Dagens stjerne heiter "Woven star", og på godt nosk må vel det bli "Vevd stjerne".
HER kjem du til mønsteret!
 Som vanleg så betyr fargane veldig mykje for uttrykket stjerna får, bildet under er frå søk på Google, og med raude ton-i-ton fargar, så ser den annleis ut.

tirsdag 25. februar 2014

Det er om natta stjernene skin!!!

Eit innlegg om natta må også prøvast, men i natt blir nok dette den einaste stjerna, for her i vest har det vore grått ver og det har regna mange centimeter vatn siste dagane!
Og skal vi quiltarar ønske oss vår eiga stjerne, ja så må det bli ei PATCHWORKSTJERNE!!  HER kjem du til mønsteret!
 Den øverste stjerna høyrer til mønsteret. 

Stjernene under er frå søk på Google, desse har ulikt antal ruter i midten.

mandag 24. februar 2014

Diamantstjerne

Måndagens stjerne heiter "Diamond-hearted star "eller "Diamantstjerne". HER kjem du til mønstersida.
...og i ein litt annan fargevariant!
Denne stjerna kjem frå søk på Google!

søndag 23. februar 2014

"Frosted tips star"

Den glitrande stjerna i går gjorde glitrande underverk i OL, 3-dobbelt norsk! Dagens stjerne er plukka i rett rekkjefølge frå sida "Thought and found" og den heiter "Frosted tips star". Ikkje heilt enkelt å oversetje denne med eitt enkelt ord, men kanskje "Stjerne med frosne tuppar" kan vere eit brukandes forslag. Kor vidt dei frosne tuppane kan ha effekt på 5-mila i OL i dag gjenstår å sjå, men om der er kaldt i Kaukasusfjella, så vert ein kanskje frosen på mange tuppar etter så mange mil!!

( bilda av dei to stjernene er frå søk på Google)
Ynskjer alle lesarar ein flott søndag! Kanskje du syr ei stjerne også? HER er mønsteret!

lørdag 22. februar 2014

"Glitrande sagtannstjerne"!

Ja det går glitrande i OL, då passar det med dagens stjerne "Sparkling sawtooth", eller på norsk "Glitrande sagtannstjerne".
Dette er kanskje ikkje den mest sydde stjerna iflg. søk på Google, men ein artig variant om ein vil sy ei samling av ulike stjerner. Igjen er det fargane som avgjer inntrykket av stjerna, og skulle den glitra skikkeleg, så skulle den kanskje ha litt gull eller sølv i midten?? Kanskje flott til ein juleløpar??
Mønsteret kjem frå "Oh my stars-alongen".  HER kjem du rett til mønsteret.

Om du ikkje har fått den store gnisten til å sy stjerner, sjå bilda her, eit stjerneteppe under arbeid, SÅÅ vakkert!! Bilda kjem frå Flikr-album til Deb Goad.



fredag 21. februar 2014

Meir stjernedryss!

Det vart visst litt magisk i går, med stjerner til ære for OL-gull dagen før, så vart det jammen meir gull! No gjenstår det berre å sjå kva dagen bringer, så her kjem det endå ei stjerne.
(denne stjerna er lånt frå eit Flikr-album, er litt tydelegare i fargane så mønsteret kjem betre fram)

 Denne heiter "Pinweel Star", vi får kalle den "Vindmøllestjerne"!

Desse stjernene kjem frå ein Quilt-along som heiter "Oh my stars", og det ligg ute mønster til heile 15 ulike stjerner.

Det var nok veldig mange som var med på denne alongen, og om du vil bli kjempeinspirert av vakre og fargerike stjerner, ta ein kikk HER!  Dette er eit Flikr-album der ulike deltakarar har lasta opp sine stjerner. Berre heilt fantastisk! Stjernene er sett saman til tepper, og som vi har sett av mønsteret, så vart det laga 3 ulike størrelsar som så er sett saman.

Det kjem til å komme resten av stjernene her etter kvart, men om du vil lage alle i full fart, så kan du forsyne deg sjølv inne på sida HER.

torsdag 20. februar 2014

Hurra for våre OL-stjerner!

Ja vi feirer våre flotte idrettsstjerner, dag etter dag.
Då passar det godt med eit mønster på ei stjerne. Ei basisstjerne, "Basic Sawtooth Star" som  rett oversett til norsk heiter "Sagtann". Om nokon har eit anna norsk namn på denne, så skriv det i kommentarar!
HER på bloggen til Thought and found ligg det nøyaktig framgangsmåte. Lykke til!
......og her kjem kanskje fleire stjerner, følg med!

onsdag 19. februar 2014

Påminning!

Litt tidleg ute før neste medlemsmøte i mars, men det er godt å ha litt tid på seg. For her kjem ei påminning til alle medlemmane om tepper mm. til utstillinga på Regionstreffet.

HER finn de infoen som er om Regionstreffet 6. april.

HUSK å ta med det som er klart til neste medlemsmøte 4. mars!! Det er påmeldingsfrist 15. mars, og det er fint for utstillingskomiteen å få tidleg inn det som medlemmane våre skal stille ut. Og er du ikkje ferdig med det du held på med, så har du enno litt tid. Husk at vi vil ha mest mogleg frå alle dei kjekke kursa vi har hatt siste året!

tirsdag 18. februar 2014

"Nærbutikken" har den!!!

Ein av våre to gode "nærbutikkar" med quiltestoff og utstyr, Lappestua, sende i går kveld melding om at ho har "Day and Night" på lager!! Du får både bok og linjal for ein god pris, ein stad mellom 250 og 300 kr (Siv var heime då ho svara og kunne ikkje sjekke nøyaktig pris). Oppdatering: I kommentar under her skriv Siv at den kostar kr 290.

Om du fekk med deg starten av innlegget på bloggen i går, så var der vist mange modellar som var laga med denne linjalen. Stjerner går nok aldri av moten, så om du likte denne, bør du skunde deg til butikken for å sikre deg denne. Utruleg kva som finst i våre butikkar, for underteikna tok eit par søk i nettbutikkar i går, og fann ikkje noko då!

No reknar vi med at det blir endå fleire flotte modellar å sjå på neste klubbmøte, og takk til Randi og Solfrid for inspirasjonen!

mandag 17. februar 2014

"Vis og fortel" frå februarmøtet!

På februarmøtet var det utruleg mykje nytt og flott å sjå! Og stadig nye teknikkar fekk vi både sjå og forklart. Her er det brukt ein spesiell linjal, "Day and night". Det er bok og linjal av Eleanor Burns og  Michelle Countess.

Vil du sjå dei ulike stjernene, kan du sjå innlegg om dette på bloggen til Mary Quilt og hos svenske Quiltdivan.
 Fleire bilder under her i same teknikk.










 Eit gedigent teppe der ein har brukt X-blokklinjalen!








 Vi var 23 stk som gjekk på eit 3 timars kurs i Crazy Quilt med Marie Myklebust i januar, her er det mange flotte resultat å sjå!!













 Mange restar små blir ofte noko nytt og spennande!! Her er dei sydd saman, veldig crazy!!