lørdag 30. august 2014

Haustens første møte!

Då kallar vi inn til haustens første møte tysdag 2.9 kl 18.30.

Om alle har lese Sommarbrevet frå Torunn, så er de kjende med at denne gongen vert møtet i "Monsgarden" i Leivdalen! Aslaug inviterer til medlemsmøte i den nye kafeen!

(arkivbilde frå Låvemessa 2011, D-kor underheldt)


Tema for møtet vert sjølvsagt organisering av Låvemessa som finn stad neste helg, 6. og 7. sept, men minner om følgjande:

  • Ta med gevinstar til lotteriet på Låvemessa.
  • Vi skal ha utstilling på låven som sist, ta difor med store quiltar til denne utstillinga, vi har ikkje sagt noko om max tal pr. medlem, det finn vi ut av når vi stiller ut! Så ta med det du har!
  • Matvertane (sjå liste på høgresida) tek med mat som til vanleg møte, pluss ei kanne kaffi (nokon av dei tek med te). I tillegg skal alle i styret også ta med ei kanne kaffi.
  • Om det høver, så gjer vi litt førebuingar til Låvemessa.

lørdag 23. august 2014

Låvemesse!

Det nærmar seg Låvemesse igjen!
6. og 7. september kl 12-18 vert det liv og røre på "Monsgarden" i Leivdalen! 



Vi takkar medlem Aslaug m/familie for at dei legg til rette for dette unike arrangementet i Nordfjord.
Det er 3. gongen vi arrangerer denne messa der, og det er gode erfaringar frå før som gjer at vi no gjentek dette.
Som tidlegare år, har klubben vår salsutstilling på låven, og det vert mange salsboder ute på gardstunet. Det er kanskje no ein bør kjøpe dei første julegåvene??  Her får ein kjøpt både mat og godt handverk frå produsentar, og kafèen er open heile tida. Kafèmenyen vert minst like god som før; med kaker, smørbrød og dei berømte natronkakene våre.

Søndag 7. sept vert det også OPEN GARD! Eid Bondelag vil være der med ulike dyr og dei legg til rette for kjekke opplevingar for både små og store.
Det vert òg høve til å besøkje samdriftsfjøsen på garden, her er det melkerobot. I fjøsen er det 50 melkekyr og rundt 110 storfe totalt.

Det vert også underholdning begge dagar:
laurdag kl 15.00: Eid Spelemannslag spelar opp på låven!!
søndag  kl 15.00: Stårheim Songlag underheld på låven!!



Ein ting som er viktig å huske på er at vi ikkje tek kort, så ein må ta med seg kontanter.

Vi håper mange tek turen oppom «Monsgarden» i Leivdalen desse dagane og ønsker alle 
Velkommen til ein triveleg handel.

Natronkakebakst!

Då er første bakerunde med førebuing til Låvemessa unnagjort! Denne veka vart det baka 500  nydelege natronkaker!!!!



Vi skal ha ei bakerunde til rett før messa, så no håpar vi at litt fleire skal få smake desse berømte kakene våre under arrangementet 6. og 7. sept. Vi veit frå tidlegare arrangement at desse natronkakene er svært populære både i kafeen og i salsbua vår, og dette prøver vi no å forbetre med å ha dobbel produksjon!

Om du vil ha oppskrifta, så finn du den HER.

torsdag 14. august 2014

Vi startar opp att!!

Ja no er det klart for oppstart av aktivitet i klubben igjen!

Tysdag i neste veke har vi planlagt å bake Natronkaker i lag, men vi treng nokre til på laget!!! Dei av medlemmane som har tid og kanskje lyst til å lære dette, må ta kontakt med Laila U P snarast! De når henne på tlf. 91735733.

OPPDATERING 15.8:
Det har no meldt seg nok interesserte til dette første "Natronkakebakelaget"!! Vi skal ha ei samling til om eit par veker, til trøst for dei som no ikkje rakk å melde seg på.