lørdag 28. februar 2015

Marsmøte!

Det nærmar seg både vår og marsmøte!

Tysdag 3.3 møtast vi på Stokkenes Gjestegard til ein aktiv kveld håpar vi. Vi har tenkt å gje dykk litt inspirasjon til å sy noko som kan bli sommarens hobby kanskje??

Her er noko av modellen som de får sjå på møtet.

Temaet denne kvelden er "Dresden plate", og som de ser på bildet over, er det brukt små stoffbitar til denne "blokka". Sett saman av ulike fargar, så kan dette bli alt frå blomster, til hjul, soler, kransar,... fargane bestemmer!! Den kan ha både runde og spisse former i ytterkanten.


Kvifor den har akkurat namnet "Dresden"???? Ved å google litt så dukka det opp litt historikk rundt denne blokka.
På sida  Pattern from history kan vi lese dette:


"The circular pattern commonly called the Dresden Plate would seem to be an easy pattern to date if it weren't for Anna Tuels' mother who made that 1785 quilt."


The popular name for this quilt, Dresden Plate, reflects the romance of the Victorian Era with its love of elaborate decoration on household items and décor. Dresden, Germany was a center of 19th century romanticism movement in art, one that included the fine decoration of porcelain. The plates were embellished with elaborate design using flowers, fruits and foliage. The beautiful plates would surely have been admired by women of the early 20th century.





Oversett til norsk,....tok den enkle måten og brukte Google oversetter, og slik ser det ut på norsk,...med litt rar grammatikk, men fullt lesbart!


Den populære navn for dette teppet, Dresden Plate, reflekterer romantikken i viktoriansk tid med sin kjærlighet til forseggjort dekorasjon på husholdningsartikler og innredning. 
Dresden, Tyskland var et senter for det 19. århundre romantikken bevegelse i kunst, som inkluderte den fine dekorasjon av porselen. Platene ble pyntet med forseggjort design ved hjelp av blomster, frukt og løvverk. De vakre platene ville sikkert ha blitt beundret av kvinner i begynnelsen av det 20. århundre.


Det finst mange ulike malar til denne blokka.

Som de kan lese over, så har denne blokka overlevd i årevis. Den er enkel, allsidig i formen, endrar seg med bruk av fargen. På same måten som med Log Cabin, så er dette i utgangspunktet ei enkel blokk, men som ein kan gjere mykje med. Sjå berre bilda under her, desse er henta ved bildesøk på google HER.






Mariann vil vise dykk eit par måtar å lage denne blokka på, og her er liste over det som de må ta med til møtet:

  • Symaskin
  • Skjærekniv
  • Inchlinjal, minst 15 inch lang
  • Papirsaks
  • Stoffsaks
  • Tape
  • Ein bit fast kartong, td. frå ei skoøskje
  • Stoff i minst to ulike fargar, minst 4 1/4 inch høgd 

Det er enklast å sy blokka med symaskin, men det vert også vist ein liten Mug Rug som kan syast for hand.

Til denne Mug Rugen er det brukt japanske litt kraftig bomullsstoff, dette passar godt til handsaum. Her kan du bruke fleire fargar i lag. Ein treng ikkje vatt om ein brukar kraftig stoff, men til bakside må du ha ein stoffbit som er ca 8 inch i diameter. Ta også med ein tråd til quilting, td. moulinègarn i matchande farge.

Vil ta med at det også finst linjal til "Dresden plate", men den treng du ikkje til denne kvelden.

Vel møtt til ein kjekk sykveld!!


lørdag 21. februar 2015

Med tankar på sommaren......

På bloggen til Den syende himmel finn vi dette teppet laga av halve hexagon. Her får vi fort assosiasjonar til sommar, det er lyst og lett i fargane og vi ser ei mengde med rosa sommarfuglar!


Dama bak bloggen bur her på Vestlandet, og det er kjekt å finne mønster/ tutorial på norsk!! Teppet er handsydd av halve hexagon, og er eit tidkrevande arbeid, men du verden så fint det blir!!
Ho har lagt ut framgangsmåten HER og skriv dette på bloggen sin:

Jeg har laget dette mønsteret selv, og fått mye positiv respons på det. Her er framgangsmåten, dersom det er noen som har lyst til å prøve seg på denne. Metoden som er brukt er engelsk papirsøm, altså håndsøm over papir, halve sekskanter i valgfri størrelse.

Som alltid er det samansetjing av fargane som skaper inntrykket, det same mønsteret i andre fargar blir fort noko heilt anna, sjå berre under her! Akkurat same framgangsmåte!


Desse quiltane over her er berre litt av det ho har sydd, og også held på med. Om du går inn på bloggen og blar deg bakover i tid, .....ja så la deg berre imponere!!

Ho syr stjerner i handsaum,.....





......men også hexagon i tusental!!! Sjå berre på dette store teppet ho held på med her! "La Passion"! Etter det ein kan lese på bloggen, så skal det syast 3200 hexagon før det blir ferdig!
Retting frå syerska: Slik du ser teppet no, så er der 3200 hexagon, og når det er ferdig, skal der være over 17000!!!!

HER kjem du til omtalen av dette prosjektet.

Og om ein har mange små stoffbitar, så kan ein sy som ho har gjort her over, hexagon i str 1/4 inch!! 
Om du vil sjå meir av det ho lagar, sjå HER på Flikr!

Så her er oppmodinga til alle våre medlemmar, lag deg eit slikt prosjekt og ha i veska di, då har du noko å ta deg til over alt, på klubbmøter, turar, når du plutselig må vente på noko eller får litt tid til overs!

Takk til Den syende himmel for at du deler dette med oss, no er det nok mange som vil besøke bloggen din for å sjå meir!!

fredag 20. februar 2015

Frå foto til quilt!!

Er så imponert over alt som er mogleg på nettet! Kom over ein link på Facebooksida til Lappesnellene i Holmestrand, Om korleis å lage quiltemønster av eit bilde! Og det er gjort med berre nokre få tastetrykk!

Det er på sida til Victoria and Albert Museum   i London at dette kan gjerast. Der står det  på engelsk : Patchwork pattern maker,  vidare oversett til norsk: "Lag eit  hvilket som helst bilde om til eit patchworkmønster!"

Dette måtte prøvast, og eg googla EPLE, fann eit bilde og lagra det på pcen. På denne sida er det eit felt der du lastar opp bildet ditt, må ikkje være over 2 mb.


Du får opp ei side der du plasserer utsnittet av bildet du vil bruke, gå så vidare.
Systemet vel først eit bilde med medium "oppløysing", med 15 fargar og 20 x 20 lappar, då blir det slik:

Du kan velje ei betre oppløysing, max som går an å få til er 20 fargar og 30 x 30 lappar:


Fint???? Dette kan vi vel bruke?? Iallefall ein måte å skape din eigen quilt! Lykke til med dine forsøk!

torsdag 19. februar 2015

Veskeorganiserar!!

Veskeorganiserar,......eit ryddig ord på ei lita ryddig sak! For vi som har sydd ei stund, vi er vel begynt å få oss eit lite lager av vesker??

Vi har handlevesker, reisevesker, jobbvesker, "Gå-bort-vesker", syvesker, ja ei for kvar anledning. Og mange av dei er nok litt romslege slik at vi får med oss alle dei tinga vi må ha, dei tinga vi kan komme til å trenge, pluss eit handarbeid sjølvsagt!!

I går dukka det opp eit bilde på Quiltesida av ein lur "Veskeorganiserar", ein "boks" med mange lommer, opne eller med glidelås. Fullt utstyrt med det ein treng å ha med seg, kan denne flyttast frå veske til veske, og vips så har ein det ein treng til ei kvar tid.
Denne er frå Pinterest.
 Desse to rosa stod på Quiltesida i går, laga av Vigdis Evensen, ho hadde kjøpt mønster i USA.

Denne er sydd som eit rektangel, og er kanskje avhengig av at du har vesker med om lag same storleik.

Ved søk på Pinterest dukka det opp utruleg mange ulike  sortar, og eg fann også ein modell som kanskje er endå meir brukbar. Den likna litt på den du ser over på bildet her, kikk på linken til Pinterest HER, så ser du mange liknande. Den er sydd som ei lang sak med lommer, og sett i hop truleg med borrelås. Med borrelås kan ein då justere kor stor den skal være, om du syr den til di største veske så kan du med mykje "overlapping" tilpasse den i ei lita veske.


Her ser du korleis denne lange delen er sett saman til å passe i ei veske. Desse bilda er frå Feltlikeknitting, her er mange bilder av slike ho har laga.

Pinterest finn du mange andre bilder.

Om du vil sy ein som har fast form som eit rektangel, så finn du eit mønster til ein slik på sida til Robert Kaufmann. HER er mønsteret, klikk på "Download this pattern".






onsdag 18. februar 2015

Ei enkel toalettveske!

Eit lite tips til deg som planlegg å sy ei toalettveske, heilt enkel og passeleg stor. Stor nok til å putte oppi ein del saker som ein treng å ha med seg...., kanskje dette er den storleiken som vi snakka om på siste medlemsmøte???

Det er på bloggen Kreativt rom denne er å finne, og det er lagt ut nøyaktig framgangsmåte. HER kjem du til sida, og vi sender ei helsing til denne quiltaren som deler mønster med oss andre!


Underteikna har ikkje sydd denne toalettveska enno, så  akkurat kor stor den er ferdig, er vanskeleg å seie. Men klippemålet på stoffet er 24 x 52 cm. Det er nok også enkelt å forstørre opp toalettveska, men kanskje vil du sy ei først så du har noko å gå ut ifrå??

mandag 16. februar 2015

Kalendar for februar!

Halve februar er omme no, men om du lastar ned kalendaren og skriv den ut, så har du 12 heile quiltedagar til gode!! HER er link til kalendaren.

søndag 8. februar 2015

Bilder frå februarmøtet!

Eit kjekt møte er over, møtet var fyllt med aktivitet frå start til slutt. 2 nye medlemmar møtte fram, dette set vi stor pris på, og vi håpar at dei vil trivast med all aktivitet som vi har i klubben vår.

Vi demonstrerte utskrift frå pc til stoffark, dette er noko som dei fleste veit om at det finst, men terskelen for å gjere det sjølv, er ganske høg. Vi fekk tips frå butikkane våre om kva sortar som finst, korleis bruke arka og etterbehandling. Begge butikkane Lappestua-Eid og Primula Design fører desse stoffarka, anbefales!!!
Nokre sydde også små posar, mønster og bilde av modell er å finne på innlegget frå 1. februar.


Dette er sydd av Anne Margrete.

Vis og fortel er alltid eit høgdepunkt, og medlemmane skuffa ikkje. Fleire kvadratmeter med tepper vart vist denne gongen,......vi er berre heilt imponerte over kva medlemmane våre får til! Og har dei ikkje mønster, så blir det konstruert etter eige behov! Det er kreativitet det!!!

Haldis har sydd av sine blå stoff, dobbelt sengeteppe, quilta med eiga symaskin! Kjempejobb!

 Solfrids vesker , ho gjekk på kurs med Andre Wallenborg no i januar.

 Ingun hos Primula Design har sydd nydelig tulipanløpar, denne er under arbeid her, men no kan du sjå den ferdig på butikken! Flott vårleg løpar! Mønster frå AnnaKa.


 Anne Margrete har sydd løparar på kurs, Lemoine Star linjal over, og Tri Recs linjal under.

 Randi har skapt noko igjen!! Over eit juletreteppe, under eit stort teppe.


 Aud L. gjekk på kurs med AnnaKa i november der dei lærte bruk av Log-cabin linjalen.
 Aud L har også sydd teppet under.

 Dette har Randi sydd, har brukt X-blokk linjalen.

 Siv på Lappestua-Eid viste ein glad påskeløpar!! Mønster har ho på butikken!

 Frå Lappestua -Eid.

 Torunn har vore kreativ, sydd etter mål! Dette er ei hette til ei kjøkkenmaskin, vendbar. Den er quilta før den er samansydd og quilta etter "dobbeltsidig-weekend-metoden"!

 Kari gjekk på kurs med Frøydis Myhre på Vestlandstreffet i Florø i haust, nydelig bilde! Frøydis kjem også på Vestlandstreff 2015 som vi arrangerer, så no får fleire sjansen til å gå på kurs med henne!
 Løparar laga med linjalar, over med Tri Recs, under,......den må eg finne ut meir om!

 Nytt medlem Gitte viste korger ho har laga. Teknikken er å sy rundt tau, dette har ho lært av mor si, ei dansk kreativ dame!!

 ....og Gitte lagar flotte knappar av glas! Spørst om ikkje vi vil ha eit lite kurs Gitte..........!!????

 Mariann har sydd "Norma Jean"-veska frå MyQuilt......med bilde av henne!
 To bilder laga av smårestar frå eit større prosjekt, Mariann likar best å lage små quiltar ein kan ha i ramme!!