søndag 1. februar 2015

Februarmøte!

Vi er komne til årets andre månad, og eit nytt møte i klubben ventar no tysdag 3.2  kl 18.30 på Stokkenes Gjestegard.

Klubbmøta våre brukar å være allsidige; med info frå quilteverda både nært og fjernt! Vi håpar at alle får utbytte av å møtast, for på komande møte skjer dette:


  • Quiltevenner møtest!
  • Du får inspirasjon ved å sjå kva andre held på med/ er ferdige med.
  • Begge butikkane våre, Lappestua-Eid og Primula Design kjem med stoff, tips og mønster, god sjanse til å "snope" litt!
  • Info frå styremøtet 28.1
  • Vi diskuterer Vestlandstreffet.
  • Kanskje vinn du noko quilterelatert i lotteriet?
  • Vi skal gjere noko praktisk, denne gongen med symaskin! 
  • Demonstrasjon av utskrift på skrivar på stoffark.
  • ....og vi kosar oss med prat og mat!

Aktiviteten denne gongen er todelt. Det er mange av oss som aldri har prøvd å skrive ut tekst/bilder frå pcen på ferdige stoffark som er å få kjøpt. Begge butikkane tek med sine stoffark, vi gjer dette i praksis og det vert også høve til å kjøpe ark til eige bruk.

Om det går etter planen, så skal vi skrive ut ein liten dekorlapp til å feste på posen vi skal sy.

Denne vesle posen passar akkurat til innholdet av ein boks med Q-tips, og den er fin til å gje vekk som små venninnegåver!
Underteikna har sydd denne vesle posen etter inspirasjon og mønster frå bloggen Pia si Sia.
HER er link til framgangsmåten!

Du treng å ha med deg dette:
  • Symaskin
  • Skjæreutstyr
  • 2 ulike stoff,  6" x 12", som de ser så er eitt til for og eitt til utside. Dekorlappen som vi skal feste på utsida har kvit botnfarge, skrifta blir svart, så ta eit utsidestoff som dette kan passe på. Alle som vil sy pose skal få ein lapp som vi skriv ut.
  • Platevatt 6" x 12".
  • Om du vil fylle oppi ein ferdig pose, kan du ta med Q-tips også!! :)

Vi ynskjer både gamle og nye medlemmer velkomne til eit triveleg møte!



Ingen kommentarer: