tirsdag 17. mars 2015

Hexagon toalettveske!

Det er kanskje på tide å planlegge kva du skal styre med i påskeferien? Og skal du på ei hytte utan straum, så er det ikkje vits å ha med seg symaskina som vi er så avhengige av.

Lappeteknikken starta lenge før symaskina vart til, og det vart gjort veldig fint arbeid med nål og tråd.

denne YouTube videoen  kan du sjå korleis du syr denne flotte toalettveska av 23 hexagon. Alt er sydd for hand, alle kantar og glidelåset ser du korleis du syr. Ut frå det eg trur, så er denne videoen frå Thailand, men det merkar du ikkje. Videoen er som ein stumfilm med svak musikk til.
Her er ikkje noko mønster, og det ser ut til at firmaet som har laga denne videoen, også sel mønster. Under her ser du bilde av kva du treng av utstyr.

Det du må finne ut av sjølv, er storleiken på hexagon. Det kan sjå ut som sidene i hexagon er ca 1 inch. Du kan nok sy den i alle storleikar av hexagon, for forholdet blir det same. Lengda på glidelås må du finne ut av til slutt. Dette er noko som vi heilt sikkert får til ved å følge med på videoen, lykke til med nål og tråd!!

Ingen kommentarer: