onsdag 28. oktober 2015

Kurs med Helle Løwenskjold!

Etter nokre litt hektiske veker med å arrangere Vestlandstreff, så inviterer vi no medlemmane våre til eit triveleg kurs med Helle Løwenskjold!

Kurset vert helga 13.-15 november på Stokkenes Gjestegard, og på dette kurset får du lære å bruke linjalane Hex n More  og  Hunter's star.

Helle har god erfaring med desse linjalane og vil vise dei mange måtane å bruke linjalen på.

Under her ser du døme på kva slag blokker du kan få med Hex n more -linjalen.


DENNE adressa på Pinterest finn du mange bilder av blokker/tepper mm. som er laga med denne linjalen.

Hunter star-linjalen gjev nydelege blokker, HER finn du mange bilder der denne linjalen er brukt.


Dette er linjalen Hunter's star.





Du kan melde deg på ved å kontakte Ingun på Primula Design, tlf 57861395/ 99482474

Obs! Klubben har ikkje desse linjalane, men begge butikkane våre, Primula Design og Lappestua-Eid fører desse linjalane.

Det vert også påmelding på medlemsmøtet 3.11.

onsdag 14. oktober 2015

Avisomtale


Innlegget under her er henta frå sida til Fjordabladet på Nordfjordeid 13.10.15.
Heim   >   Kultur   >   Dei er klare for tre dagar lappelykke
Vestlandstreff-lappe-quilte-1
EI HELG MED SAUM OG INSPIRASJON: F.v. Laila Strand Brekke, Anne Marie Holsvik, Haldis Lindset Nesbakk og Elna Aaning Olsen frå Nordfjord Lappe- og Quilteklubb ønskjer klubbmedlemmer og andre velkommen til Nordfjordeid og Vestlandstreff 2015, ein quiltefestival for heile Vestlandet. (Foto: Maria Hjelle)

Dei er klare for tre dagar lappelykke

Komande helg er det Vestlandstreff for quilte­interesserte på Nordfjordeid. Festivalen samlar folk frå heile Sør-Norge til tre dagar saum, saum, saum!

Er du sauminteressert, bør du kjenne di vitjingstid – komande fredag til søndag, når Nordfjord Lappe- og Quilteklubb arrangerer Vestlandstreff 2015.
– Dette er kjempestort. 150 kursdeltakarar er påmelde. I tillegg ventar vi kring 200 som kjem innom. Det kjem folk frå Molde i nord til Stavanger i sør, og vi har derfor valt å gi arrangementet undertittelen «Quiltefestivalen på Vestlandet». Det kjem også kurshaldarar og deltakarar frå Austlandet, Sverige og Danmark. Vi har jobba fram mot komande helg i to år, fortel leiar Anne Marie Holsvik i arrangørklubben, som er vertskap for Vestlandstreff for tredje gong. Sist var i 2006, før det i 2000.

– Utviklande
Saman med Laila Strand Brekke, Haldis Lindset Nesbakk og Elna Aaning Olsen ser Holsvik fram til å sy i lag med likesinna i tre dagar til ende. Alle fire er mangeårige medlemmer i klubben og har site i styret på eit eller anna tidspunkt. Spør ein desse damene, er beskjeden klar: Quilting er ikkje noko ein blir lei av om ein først er bitt av basillen.
– Det er alltid noko nytt ein kan lære, noko nytt ein kan lage. I klubben møtest vi ein gong i veka og diskuterer idear og fortel om prosjekta våre – på den måten gir vi kvarandre inspirasjon. På ein stor treff som dette får vi høve til å utveksle erfaringar med nye folk, lære noko nytt, og ikkje minst hente nye impulsar og idear. På Vestlandstreff er det gode sjansar for å vidareutvikle seg, lovar dei.

Å vise fram eigne arbeid og sjå andre sine er ei viktig kjelde til inspirasjon for quiltarane, og mange brukar mobil og sosiale medium aktivt til å dele bilete. No gler deg seg veldig til ei helg fylt med nye impulsar. (Foto: Maria Hjelle)
Å vise fram eigne arbeid og sjå andre sine er ei viktig kjelde til inspirasjon for quiltarane, og mange brukar mobil og sosiale medium aktivt til å dele bilete. No gler deg seg veldig til ei helg fylt med nye impulsar. (Foto: Maria Hjelle)

Ope for alle
På programmet står 17 kurs med 11 ulike kurshaldarar. Somme går over to dagar, andre går over ein dag og kan kombinerast med andre som gjer det same, og det er også korte kurs på nokre timar for dei som vil innom så mange tema som mogleg. Fleire kurs er på drop-in-basis, slik at ein ikkje treng vere påmeld på førehand.
– Det er ikkje nødvendig å vere medlem i ein klubb for å kome på Vestlandstreff. Alle med ei interesse for å sy er velkomne og vil ha utbyte av å ta turen innom. Om ein ikkje vil gå på kurs, kan ein få med seg utstillinga i fellesareala. Det vert òg sal av kaker og kaffi, og lotteri med flotte premiar som teppe, stoff og symaskiner, lokkar Holsvik.

Fem lappebutikkar
Størstedelen av arrangementet går føre seg på Eid Ungdomsskule, men det blir også utstilling på Nordfjord Hotell, der opningsforedraget til Wenche Wolff Hatling på fredag og festmiddagen for deltakarane på laurdag finn stad.
Wolff Hatling er stoffdesignar og innehavar av Northern Quilts på Steinkjer, ein av fem lappebutikkar som held ope under Vestlandstreff. Dei andre er Trapp ned frå Førde, Sølvi Quiltestudio frå Herøy, og heimlege Lappestua-Eid og Primula Design i Eidsgata.
Dermed skulle det vere unødvendig å uroe seg for å gå tom for tråd.

FAKTA
Vestlandstreff 2015
• 16.-18. okt på Nordfjordeid
• Nordfjord Lappe- og Quilte­klubb er arrangør for tredje gong
• Tre dagar med utstilling, foredrag og kurs for quilte­entusiastar frå Molde i nord til Stavanger i sør
• 17 kurs for 150 påmelde, i tillegg mange drop-in-kurs som er opne for alle
Kurshaldarane:
• Anne Pia Godske ­Rasmussen
• Frøydis Myhre
• Ingeborg Strupstad
• Kari Renolen
• Liv Ingunn Holvik
• Mona Rosvold Bauge
• Patricia Iden
• Randi Røys
• Sylvi Ruud
• Tamara Schultz
• Vigdis Hovden Månsson

tirsdag 13. oktober 2015

Slik finn du fram til Vestlandstreff!

Vestlandstreff 2015 går føre seg i Eid Ungdomsskule på Nordfjordeid og har adresse Skulevegen 75.


Når du kjem til Nordfjordeid på E39, køyrer du til du kjem til rundkøyringa ved kyrkja, på kartet merka med Nordfjordeid kyrkje.

Ved rundkøyringa ved kyrkja er det merka avkøyring til Sykehus, ta av dit. Køyr 50 m frå rundkøyringa og ta av mot høgre til Skulevegen. Køyr 350 m og du er FRAMME!!

Ved krysset Skulevegen står det også skilt til Vestlandstreff! Sjå etter det!


Om du vil legge inn GPS-koordinatar som Gule Sider oppgjev til Eid Ungdomsskule, finn du dei under her:


WGS84
61°54'43.1"N 5°59'13.1"E
WGS84 desimal (lat, lon)
61.911978, 5.98698
UTM32N
6868046, 341772
UTM33N
6897249, 27653
UTM35N
7043548, -589636

mandag 5. oktober 2015

Medlemsmøte!

Tida går fort og i morgon er det oktobermøte i klubben vår!

Vi møtest som vanleg på Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30, og vi ser gjerne at dei er som ineresserte i quilting og lurer på kva som skjer i klubben vår, tek turen innom på møta våre. Det er gratis inngang, berre 10 kr i kaffipengar til kaffimat som ein tek med seg etter oppsett liste blant medlemmane! Kjenner du nokon som er interessert i quilting, invitèr med på eit møte i klubben!!

Denne gongen er det siste finpuss til Vestlandstreffet vi tek føre oss, møt opp om du har spørsmål eller noko som må avklarast. Ta med deg produkt til utstillinga som er GODT MERKA på baksida!!! Og har du gode oppheng som høyrer med til det du stiller ut, la det være med, men merk også dette godt.

Ingun frå Primula Design vil demonstrere stansemaskina Sizzix og ho har også med ulike malar til denne.

Til dei av medlemmane som skal delta på kurs:
Det kan være lurt å sjå over materiallistene du har fått tilsendt frå kursholdaren for å sjå om du manglar noko, dette kan du kanskje få kjøpt i morgon på møtet. Gjer gjerne avtale med Ingun ( Siv på Lappestua-Eid deltek truleg ikkje) om å ta med om du treng noko spesielt.

Ta med deg noko å sy på og husk noko til "Vis og fortel!!

lørdag 3. oktober 2015

Quilterally er i gang!

Det store "Quilterally" er i gang i Norge, og i Norden og kanskje endå fleire plassar! I dag laurdag og i morgon søndag 4.10 er det rallydagar! Om du googlar quilterally, så kan du også lese korleis dei gjer det i td. Danmark og Sverige.

Dette er eit arrangement der det er ekstra gode tilbod på mange quiltebutikkar, og det var kanskje meint at ein skal ta bilen og køyre frå butikk til butikk for å handle. Mange må nok ha rallyfart for å nå fram til næraste quiltebutikk på ein dag, men i vårt område er vi så heldige å ha med ein av våre to "nær-butikkar": Primula Design!

Quilterally har eiga Facebookside og eiga nettside. På nettsida finn du ei oversikt over alle quiltebutikkar i Norge som deltek denne helga.


Primula Design har allereie avvikla ei "rallydag" med gode tilbod og rabattar på alle quilterelaterte varer i butikken! I morgon søndag er butikken open kl 10-16 med minst like gode tilbod.

 Mange fristande nye stoff på hylla, og med ferdige modellar, så fristar det endå meir!

Underteikna kunne ikkje motstå desse flotte stoffa, og på kjøpet vart det jammen ein rabatt som varer ut heile 2015!!



I morgon vil du kunne bruke denne stansemaskina og stanse ut gratis figurar som du ser her. Stryk på vlisofix på eit stoff heime, ta med deg til butikken og lag deg fine figurar til å applikere på noko. GRATIS!!!

Ingun og Synnøve på Primula Design ønsker alle velkommen inn til eit rallybesøk 
i morgon søndag 4.10 kl 10-16!!