søndag 6. desember 2015

6.Desember

Dagens snømanntips er heilt ferske, for bilda vart teke på shoppingtur på Nordfjordeid i går. Siv på Lappestua-Eid er veldig glad i snømann-quiltar og bilda her er frå utstillinga i butikken.

 Denne rekkja med snømenn er på eit koseteppe som er sydd i flanell.
 Eit lite stitcherybilde, ca 30x30 cm. Mønsteret er frå Bird Brain, og som du ser på bildet under har ho desse mønstra til sjarmerande snømenn. Ho har også mange andre mønster, så ta turen innom butikken for å sjå. Om du ikkje har høve til det, så sender ho gjerne i posten.

Sidan alle desse bilda er frå butikken til Siv, er det på sin plass å fortelje at denne veka fekk Siv "Juleblomsten" frå lokalavisa Fjordabladet. Kvart år blir det kvar veke i desember delt ut ein blomst til ein person (nominert av lesarane) som har gjort ein spesiell innsats og fortener ei merksemd. Her er link til innlegget i Fjordabladet der det som sant står KUNNSKAPSRIK ELDSJEL!

Det er no kjent at Siv vil trekkje seg ut av butikkdrifta  frå nyttår pga. helsa, noko som vi quiltarar i regionen synest er trist, og sikkert alle kundane ho sender til, for i avisa kan vi lese at dei bur heilt frå Fevik i sør og til Finnmark i nord.

Ho vil fortsetje med Janome symaskiner og ulike kurs heldigvis. Siv ser gjerne at nokon nye vil ta over butikken, så om du som lesar er interessert, er det berre å ta kontakt.
Bildet er frå butikkvindauget i butikken.

Ingen kommentarer: