fredag 28. august 2015

Sesongstart!

Det er få dagar att av august, og allereie 1. september startar vi opp att med medlemsmøte på Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30!

Vi ynskjer gamle og nye medlemmer velkomne til ein triveleg kveld med:

  • Mykje inspirasjon 
  • To quiltebutikkar  med stoff og utstyr tilstades!! (Primula Design og Lappestua-Eid)
  • Vis og fortel
  • Vi kosar oss med syarbeid
  • ....og vi har ein GOD pause med kaker og kaffi/te!
  • Demonstrasjon av sirkelapparat frå både Bernina og Janome
  • Info om Vestlandstreff som no nærmar seg!
Dette bildet er lånt frå bloggen Teaginnydesigns

Både Ingun og Siv har sirkelapparat til symaskinene dei sel, og no vil dei vise oss kva moglegheiter det er med dette tilleggutstyret. 

Desse to bilda over viser sirklar sydd med Bernina symaskin, Janome har truleg same moglegheiter. Det får vi sjå på møtet!!


Bildet over her og det øverste viser kor fint det blir når ein quiltar i sirkel. Her er det kanskje brukt berre bredda på labben mellom og sydd i sirkel, men no håpar vi på å få gode tips frå begge butikkane våre!

Vel møtt til eit lærerikt møte, og er det nye som har lyst til å være med i den kreative klubben vår, så er det berre å møte opp!!

søndag 9. august 2015

"Stoffboks"

På bloggen til svenske Syfrøjd er det lagt ut bilde av denne fine "stoffboksen" eller "tygburk" som ho kallar den. Den er brukandes til litt av kvart, her er den brukt til stoffoppbevaring.


Mønster til denne finn du gratis på bloggen Seaside  Stitches
Du treng to kvadratiske stoff som er mellom 8 og 12 inch pluss vatt i same storleik.



Pinterest har Seaside stitches lagt ut bilder av mange slike boksar som andre har laga. Her kjem du til sida!

tirsdag 4. august 2015

Praktisk "altmulig-mappe"!

Kom over link til gratis mønster til denne praktiske mappa på sida "By Annie.com"!

ByAnnie's Summer Sew Along - Stash and Dash




Ei slik mappe kan være god å ha no når det går mot sesongstart for møter i quiltelaget, kurs og ikkje minst til Vestlandstreffet i oktober.
 Du kan fylle den med trådsneller, brodergarn, synåler eller alt anna du må ha litt orden på!

Bilda i innlegget er frå bloggen "A quilting life".
Det ligg ute gratis oppskrift på sida, HER kjem du til den.
Opplegget er ein "Sommar-Sy-along" der det vert lagt ut gode underveistips kvar dag. Alongen starta 24.7 og i dag er den komt til trinn 12 av i alt 21. HER kjem du til lista med infoen!

HER er link til PDF-fil med mønsteret, men OBS!!, det er ligg ute gratis til 1.10.15, så det er lurt å laste ned mønsteret og skrive det ut så du har det!

mandag 3. august 2015

Så lurt!!

Eit skikkeleg godt tips til perfekt saum av små bitar! Dette passar iallefall for oss som må ta opp att saumen om det er eit par trådar skeivt!

Her er alle kvadrata plassert på tynn vliselin, stryk fast og sy etterpå. Garantert at bitane ikkje flyttar på seg! Tipset kjem frå sida Ohfransson v/Elisabeth Hartman.

Heilt trådbeint!!


søndag 2. august 2015

.....systart?

Ferien går mot slutten for mange av oss, nokre har kanskje sydd ein del medan andre har gjort alt anna enn å sy! Slik skal sommaren også være,....å gjere det ein helst vil.

Men det har ikkje mangla på godt syvèr (les regn!), kanskje har hagearbeid blitt bytta ut med syarbeid?Om den varme sommaren kjem no i august, så kan du ta med deg symaskina ut på verandaen og nyte dobbelt!!

Her er eit lite sytips, ein fargerik og enkel "boks" som kan brukast til det meste. Mønsteret er lagt ut på bloggen "The sewing chick". I oppskrifta er den brukt til å ha "lause trådar i", .... " It is the perfect size for catching your loose threads as you sew".

Den er liten, men stor nok til å være nyttig. "Boksen" har kvadratisk botn på 4,5" og er 5" høg. Den har eit ekstra lag med kraftig stoff inni, noko som gjer den fast og stabil i forma.
HER er link til framgangsmåten der det er mange bilder.


Då er det berre å sy din eigen variant, og så blir den klar til å ha med deg på kurs på Vestlandstreff i oktober??