fredag 26. februar 2016

Marsmøte!

Vi ynskjer velkommen til medlemsmøte tysdag 1. mars på Stokkenes Gjestegard kl 18.30.

Temaet vårt denne sesongen er LINJALAR, og på dette møtet er det TWISTER som vi skal jobbe med.

Torunn har teke på seg ansvaret for å vise korleis vi brukar den, og ho har skrive følgjande:

På komande medlemsmøte  skal vi prøve oss på ein ny linjal, Twister, eller Villblomster.  Mønsteret er ikkje nytt, det går rykter om at vi i klubben sydde villblomster på tur til Nesbyen?

Vi har også hatt kurs på Stokkenes Gjestegard med linjalen, med Ingun som kursleiar.
Her finn du omtale frå kurset i november 2012:

Du finn og mønster og malar i Quiltemagasinet nr 1 2012.  (NB: malane er ikkje heilt kvadratiske!)

I tillegg har Mariann eit innlegg om linjalar på bloggen……

På tysdag kjem eg til å prøve meg på å skjere opp denne blokka som er samansett av 9 kvadrat på 10 x 10 inch (Layer cake…) og ei ramme på 6 inch.  Håpet er at dette skal likne på ein blåveis med lauv rundt når den vert ferdig, vi får sjå.  Kan hende vert det noko av restane og?

Ta med stoff og symaskin!   Pass på at det er fargekontrast mellom kvadrata, elles kjem ikkje blomstrane fram.
Gjerne også eit laken eller liknande for mellomsbels festing medan du framleis veit rekkjefølga på det vi klypper ut. (ikkje nødvendig dersom du likar puslespel!)

Sjølve linjalen er 8 x 8 inch. 
Klubben har også midilinjalen, den er på 5 x 5 inch, og passar til blokker på 6,5 x 6,5 inch.

I tillegg finst det ein Lil’ linjal til kvadrat på 5 x 5 inch  (Charms?), og for nerdane ein Itty Bitty for kvadrat på 2,5 x 2,5 inch (Mini charms……)

Dette skal verte moro!

Mvh
Torunn



OBS!  OBS!! 

Dei som har noko dei har laga med ein av Twister-linjalane, må ta det med til "Vis og fortel"!! 

 Denne løparen har Elna laga.


søndag 21. februar 2016

Ein kopp kaffi i dag??

Det er søndag, og fridag for mange av oss. Å ha heilt fri frå alt arbeid er vel kanskje ikkje heilt rett å seie, men om du vil slappe av med noko framfor symaskina, så er det vel det same som å ha ei god fristund??  Og premien er ei lita blokk som kan bli ein Mug Rug som du kan bruke til ein velfortent kaffikopp etterpå??




På heimesida til svenske Rikstäcket er det mange gode tips, HER er link til bildet over. Noko av det som står der er kun for medlemmar (tilsvarande Norsk Quilteforbund), men der er også mange flotte tips som er ope for alle.

Denne flotte koppen er laga i teknikken "papirsaum" der du syr i rekkjefølge etter tala som står på delane. Linken som står på sida fungerer ikkje (Debby Kratovil Quilts), men ved søk på Google, finn vi same koppen på sida til Quilterbydesign.com (som også er knytt til Debby Kratovil!!) . HER kjem du rett til PDF format med mønster som du kan skrive ut.

lørdag 20. februar 2016

Glidelåstips!

Å sy i glidelås er ikkje alltid det vi likar best, men når ein får det til.....ja då er det ingen sak!


På sida til Lillestjernedesign er det lagt ut ein flott bildeserie der det blir vist ein måte å sy skjult glidelås, "steg-for-steg".


onsdag 17. februar 2016

"Storm at sea"

Det er februar og ute er det endå ein gong skikkeleg "Storm at sea". Då passar det godt med ei oppsummering av dette temaet som vi hadde på medlemsmøtet i februar. Vi hadde også syhelg no i februar der nokre fortsette med denne blokka.











 Spesiallinjalen til "Storm at sea" er ein veldig bra linjal, den har alt du treng for å sy ei blokk. Den er lang nok til å kutte remser, den har alle måla til remsene merka på linjalen og den "taggete" delen gjer at du er effektiv når du skal skjære ut delane.

Det følgjer med ei god bruksanvising, men som med alt nytt så tek det tid til å skjøne det som står der. Det er akkurat då det er flott å være mange i lag og lære av kvarandre, dette erfarte vi både under februarmøtet og under syhelga.




 Du kan også sy denne blokka med bruk av vanleg linjal. HER er link til ei side  (Quilt in a day) med mønster.

  På sida Quiltinspiration er det også mønster og mykje inspirasjon!

 Det kan være lurt å skrive ut eit ark med diagrammet over, då kan du fargelegge og planlegge kva for stoff du skal bruke. Det er fargane som lagar mønsteret, og ved å sjå på alle bilda, er det utruleg kor mange formasjonar ein får til ved å bruke same mønsteret!!

HER finn du mange forslag til korleis du kan få til ulike effekter av blokkene.



Om du søker på You tube, finn du mange videoar der det blir vist både skjæreteknikk og sying. Her er nokre videoar: Rose Smith og The Heartland



 Du kan også bruke linjalen "Square in a square". Vi brukte både spesiallinjalen "Storm at sea" og denne samtidig, og såg då at denne linjalen gjev litt mindre blokker. Denne blokka har ei passande bredde til td. løpar.

HER er link til ei side der du ser korleis du skal bruke denne linjalen. (Quilts by Joyce)



Mange flotte bilder av teknikken på Pinterest: HER og HER 

Andre sider: McCalls Quilting, Katies quilting corner,  Marti Mitchell, bilder frå linjalkurset med Ingun Vaksdal nov. 2012

søndag 14. februar 2016

Bilder frå syhelga!

Forige helg arrangerte vi syhelg der medlemmane kunne nyte ei heil helg sying i godt lag. Vi var 17 samla, nokre var heile tida, nokre var deler av dag eller berre ein dag. Dette var eit veldig kjekt tiltak som vi sikkert kjem til å gjere fleire gongar. Her delte vi erfaringar og tips til både teknikk og fargar, og vi ser at vi i lag sit med ein god kompetanse i veldig mykje.
 Haldis viste at når ho har restar, så syr ho dei sammen og har liggjande til det dukkar opp noko  dette passar til. Då ligg stykket klart!
 Nokre jobba med "Storm at sea" som vi hadde som tema på februarmøtet.

 Fleire laga denne løparen "Island chain" som stod i Quiltemagasinet 6/15.

 Teppe påbegynt på kurset med Helle Løwenskiold i november, her er linjalen "Hex n more" brukt.



 Anne Marie jobba med linjalen "Square in a square" med blokka "Berry basket" som står i boka som høyrer til.

 Linda jobba med "Eventyrteppet".

 Eit arbeid under oppstart.... skal bli eit flott teppe med stitchery.


 Lailas stjerne "Easy ribbon star".

 Linda jobba også med "Buggy barn"stjerner.

Dette var berre litt av det som vi jobba med, kjekt og lærerikt å sjå så mange ulike teknikkar bli jobba med samstundes!!

God mat var bestilt av klubben, så dette vart ei god helg på mange vis!!

fredag 12. februar 2016

Ei "Hjertelig" helg!

Vi står føre ei helg som står i "Hjertets" tegn i dobbel forstand, for det er både morsdag og Valentines dag.

Kvifor ikkje lage noko lite med hjertesymbol i staden for å kjøpe?? Under her er det mønster til ein "Hjertequilt" med "Dresden-plate". Link til gratismønster finn du HER, frå sida Quiltingupacreek.

Her er andre fargevariantar henta frå søk på Google:


Her er også ei kalenderblokk vi hadde som månadens mønster i klubben, 

HER kjem du til info om denne blokka. 
Kalenderbloggen finn du blokker til alle årets månader om du vil lage fleire!