tirsdag 2. februar 2016

Disappearing hourglass!

Vi quiltarar får stadig nye tips og idear om teknikkar, vi går på kurs og lærer og vi finn mykje på internett.

Kor mykje av dette klarer vi å huske?? Vi veit korleis det skal sjå ut, men dei små tekniske finessane som ofte er avgjerande både for resultat og syglede, er lette å gløyme.  Vi treng nok litt oppfrisking av alt vi har lært innimellom. Når vi går på kurs, er det nokre som noterer steg for steg, dette vil nok lønne seg i ettertid. I lag med andre quiltarar er det også mange teknikkar som lett blir friska opp att.


Her kjem ein liten repetisjon av "Disappearing hourglass", ...eller "forsvinnande timeglas" på norsk. Under Vestlandstreff som vi arrangerte i 2015, hadde Laila U. Piel "Drop-in-kurs" med denne teknikken, då kalla vi den "Tryll med ei blokk".

Og dette er enkel trolldom! Enkle saumar, rette kutt med linjalen og vips så ser du nye formasjonar!

På sida til Sølvtråden lappelag ligg det ein flott beskrivelse av teknikken, sjå og lær!!

 Kort fortalt: sy sammen to kvadrat og kutt på skrå.
 Du har no 4 nye kvadrat som du set sammen og kutt dei opp i 9 delar. No kan du snu på delane til du får fram den stjerna på bildet under her,....eller ein annan variant!

Her er fleire bilder:










Vil du sjå endå fleire quiltar, finn du mange HER.

Kom gjerne med ynskje om andre teknikkar som bør repeterast!!! Skriv i kommentarfelt eller send epost til hatlene@online.no.

Ingen kommentarer: