mandag 23. mai 2016

...mens vi ventar på sommaren!

Ja, i ventetida på den varme sommaren, så må vi ha noko å gjere på!

På den danske Facebooksida "Patchwork for alle" var det i dag ein link med gratismønster til denne praktiske posen/veska! Underteikna har både sydd og brukt ein liknande pose, og den berre ANBEFALAST!!

Posen på bildet og mønsteret er laga av danske Maria/Fru Christoff.

Mønsteret er gratis og du finn det HER!

Lykke til med kjekk sommarsying, og om du lagar noko, så er det fint om du legg inn bilde under kommentarar på Facebooksida vår!!

tirsdag 10. mai 2016

Årets BLÅTUR!!

Det blir blåtur i år også!!


...og turen går dit, eller der eller aust eller vest........eller...


Svaret er at den  blir  søndag 5. juni og den går til

STÅRHEIM FERJEKAI!!
Om den går vidare derifrå, vil du finne ut om du møter opp der seinast kl 12.50!!

Vi hadde bindande påmelding på siste medlemsmøte og det var stor oppslutnad om å bli med. Om det no er nokon som vil vere med og ikkje har meldt seg på, må dei ta kontakt snarast med kasserer Rigmor på epost: postbestemora@hotmail.com eller på mobil: 41803980.

Det vert å betale ein eigenandel for mat/program på kr 100. Medlemmane må organisere og koste reisa sjølve, lurt å avklare før ein møter opp på ferjekaia, slik at ein brukar færrast mogleg bilar. Om du lurer på kven som er med, ta kontakt med Rigmor.

 .....dette kan bli ein spennande tur ut i det BLÅ! 
(ps! bildet er kun til illustrasjon, kjem ikkje frå arrangøren av blåturen vår!!  ;) )
Kle deg etter veret, blir ein tur som passar alle, men vi veit aldri kor kaldt det kan bli...

søndag 1. mai 2016

Maimøte!

Tysdag 3. mai er det igjen møte i klubben vår, og vi ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld med inspirasjon og læring!

Om det er nokon som lurer på å bli med i klubben vår, er det berre å møte opp på Stokkenes Gjestegard kl 18.30.

Det er mange som har ytra at dei er interesserte i quilting, men at dei er ikkje "flinke nok"!! I vår klubb er det ikkje berre rom for dei som kan, men rikelig med plass for dei som vil! I ein klubb med over 50 medlemmer har vi heile spekteret av medlemmer, alt frå dei som syr nesten dagleg, til dei som ikkje rekk å sy så mykje, likar å lage enkle ting,  men har stor glede av å møte andre og sjå kva dei lagar og å få tips om korleis ein brukar ulike teknikkar og utstyr i syinga.
Så igjen,....velkommen til den som lurer litt......!



Temaet denne gongen er å vise korleis ein brukar linjalen "Wedge ruler". Klubben har denne linjalen, og teknikken er å sy sammen stoffremser som blir kutta med denne "skeive" linjalen. Men som de ser på løparen over, sydd av Aud S., vert det veldig dekorativt når det først blir sydd sammen remser som igjen blir kutta av linjalen!

Ein kan også sy sammen både i sirklar og i andre bogar,.....det er berre å leike seg med denne!!
 Denne duken/juletreteppet er frå sida til Moda, der er også mønster, HER finn du det!

Juletreteppe, henta frå Pinterest.

Den er også veldig lik "Dresden-linjalen", så prinsippet med bruken er ganske likt. Linjalane finst i fleire "gradebredder".

Denne er under arbeid, Ingun på Primula Design held på med denne.

Fleire idear:

Her blir det Bargello når ein set bitane saman slik!

 Teppet over her er eit teppe laga av Helle Løwenskiold, fin effekt å ha farga stoff i lag med "botnfargen".
 Nokre smale striper i kombinasjon med einsfarga gjev rom for fine applikasjonar!
 Som de ser så er det val av fargar på bitane som gjev dei ulike formasjonane....., det er millionar av løysingar i sikte med ein slik linjal!
 Her er linjalen brukt til å lage  dekorative sider på ei veske og eit pennalhus/syveske.

...kanskje lage ein liten MUGRUG på møtet?? Denne rekk du å lage ferdig!!
...men kvifor gjere det vanskeleg når det kan bli SÅ DEKORATIVT med eitt stoff i kvar farge!!



Nydelig teppe, laga av Afewscraps, bilde henta frå Pinterest der denne teksten står under:

 Sacred Heart // this was totally made by a lady in the Portland MQG! The center block was created by her grandmother when they used to sew together. When her grandmother died she designed this quilt to show how her grandmother impacted her life and those around her. Beautiful story, beautiful quilt. 


Meir kunst!!  Fantastisk sammensetting av blokker!

Bildet er frå Birmingham Festival og Quilts 2013, HER kan du lese meir, skrive av ein blogger.


......det er ingen grenser for kan du kan få til, nydelig sommarfuglduk!!

Dei bilda som det ikkje er namn under, er henta frå søk på Google. Vil du sjå fleire idear kan du sjå her:


Ta med deg symaskin, litt stoff og skjæreutstyr om du vil prøve noko av dette. 

Primula Design vil som vanleg være der med sal av stoff og utstyr. Om det er noko spesielt du treng, er det lurt å ta direkte kontakt med butikken, for det er begrensa kor mykje ho kan ta med seg!!!