søndag 1. mai 2016

Maimøte!

Tysdag 3. mai er det igjen møte i klubben vår, og vi ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld med inspirasjon og læring!

Om det er nokon som lurer på å bli med i klubben vår, er det berre å møte opp på Stokkenes Gjestegard kl 18.30.

Det er mange som har ytra at dei er interesserte i quilting, men at dei er ikkje "flinke nok"!! I vår klubb er det ikkje berre rom for dei som kan, men rikelig med plass for dei som vil! I ein klubb med over 50 medlemmer har vi heile spekteret av medlemmer, alt frå dei som syr nesten dagleg, til dei som ikkje rekk å sy så mykje, likar å lage enkle ting,  men har stor glede av å møte andre og sjå kva dei lagar og å få tips om korleis ein brukar ulike teknikkar og utstyr i syinga.
Så igjen,....velkommen til den som lurer litt......!



Temaet denne gongen er å vise korleis ein brukar linjalen "Wedge ruler". Klubben har denne linjalen, og teknikken er å sy sammen stoffremser som blir kutta med denne "skeive" linjalen. Men som de ser på løparen over, sydd av Aud S., vert det veldig dekorativt når det først blir sydd sammen remser som igjen blir kutta av linjalen!

Ein kan også sy sammen både i sirklar og i andre bogar,.....det er berre å leike seg med denne!!
 Denne duken/juletreteppet er frå sida til Moda, der er også mønster, HER finn du det!

Juletreteppe, henta frå Pinterest.

Den er også veldig lik "Dresden-linjalen", så prinsippet med bruken er ganske likt. Linjalane finst i fleire "gradebredder".

Denne er under arbeid, Ingun på Primula Design held på med denne.

Fleire idear:

Her blir det Bargello når ein set bitane saman slik!

 Teppet over her er eit teppe laga av Helle Løwenskiold, fin effekt å ha farga stoff i lag med "botnfargen".
 Nokre smale striper i kombinasjon med einsfarga gjev rom for fine applikasjonar!
 Som de ser så er det val av fargar på bitane som gjev dei ulike formasjonane....., det er millionar av løysingar i sikte med ein slik linjal!
 Her er linjalen brukt til å lage  dekorative sider på ei veske og eit pennalhus/syveske.

...kanskje lage ein liten MUGRUG på møtet?? Denne rekk du å lage ferdig!!
...men kvifor gjere det vanskeleg når det kan bli SÅ DEKORATIVT med eitt stoff i kvar farge!!



Nydelig teppe, laga av Afewscraps, bilde henta frå Pinterest der denne teksten står under:

 Sacred Heart // this was totally made by a lady in the Portland MQG! The center block was created by her grandmother when they used to sew together. When her grandmother died she designed this quilt to show how her grandmother impacted her life and those around her. Beautiful story, beautiful quilt. 


Meir kunst!!  Fantastisk sammensetting av blokker!

Bildet er frå Birmingham Festival og Quilts 2013, HER kan du lese meir, skrive av ein blogger.


......det er ingen grenser for kan du kan få til, nydelig sommarfuglduk!!

Dei bilda som det ikkje er namn under, er henta frå søk på Google. Vil du sjå fleire idear kan du sjå her:


Ta med deg symaskin, litt stoff og skjæreutstyr om du vil prøve noko av dette. 

Primula Design vil som vanleg være der med sal av stoff og utstyr. Om det er noko spesielt du treng, er det lurt å ta direkte kontakt med butikken, for det er begrensa kor mykje ho kan ta med seg!!!




Ingen kommentarer: