søndag 19. juni 2016

Den flotte blåturen!!

Blåturen som to av medlemmane i klubben, Aud L og Anne Marit D, arrangerte, vart ein suksess frå start til slutt.

Veret kunne ikkje vore betre, for det var  blå himmel, omtrent vindstille og 19 glade og forventingsfulle "blåturistar". Og etter kvart som dagen gjekk, så var det berre smil og ros til arrangørane.

Vi møttest på Stårheim ferjekai i uvisse om vi skulle med ferja eller ikkje,.....men vi skulle over!!

Vi køyrde rv 614 mot Svelgen og første stopp var varsla med "stoff-flagg"!


 I flott natur fekk vi ferske sveler og kaffi, det smaka godt!!



 Vegen gjekk vidare gjennom tunnellen til Bortne, og med den høge sjøklippa Hornelen i sikte, nærma vi oss Rugsund.


 Men vi skulle ikkje til Rugsund, og vi for vidare over Rugsundbrua og neste stopp var rasteplassen Gloføykje!
 Her hadde vi flott utsikt mot Hornelen som er Nord-Europas høgste sjøklippe på heile 860 m!!



 Etter ein "fotostopp" her, køyrde vi under Skatestraumen (undersjøisk tunnell :) ) og vi stoppa først då vi kom til Hauge i Bremanger og til Kulturhuset Heimen.

Her hadde ingen vore før og ingen ante kva som skulle skje her.

Det skulle vise seg at her kom vi til eit lite mekka.  Ein koseleg og heilt spesiell liten kafè/ butikk tok imot oss då vi kom inn, og eigaren Reidun Øvrebotten stod der klar til å gje oss dagens oppleving. Og det fekk vi til gagns, her var det mykje både for synet og for den indre opplevinga. 
 Kafè Aletta med butikk i bakgrunnen.








 Vi vart først samla i kinosalen i 2. etasje der vi fekk lære Reidun å kjenne, hennar bakgrunn/utdanning og om draumen om eige galleri/verkstad som gjekk i oppfylling.

Sidan vi var så mange, vart gruppa delt i to, og vi fekk sjå ein kjekk lokal film om avholdsrørsla i gamle dagar, spesielt, men veldig lærerikt!!
 Hovudmålet med blåturen var å sjå denne vakre utstillinga som Reidun har skapt. Ho fortalde om eit gammalt bilde ho fann i bestemora sitt album, ei flott kledd dame, i kle som slett ikkje harmonerte med det dei hadde på seg i kvardagen på den tida.

Korleis var så kvardagen for kvinnene på kysten lurte ho på? Alltid er det menn det er snakka om, men kva gjorde kvinnene for å "overleve"?

Reidun samla etter kvart mange historier om kvinner, deira arbeid og skjebne, og enda opp med å presentere 10 namngjevne kvinner. Historiene deira vart skrive ned og for å illustrere kontrasten mellom historia deira og slike vakre "fotografbilder", så sydde ho flotte antrekk fulle med symbol for kva kvar enkelt opplevde. Dei vart enslige på ulike vis, men jobba for seg og barna sine så dei skulle klare det harde livet.

Virkeleg historier til ettertanke, og lokalet var kledd på veggane med nye bilder i "gammal stil". Har du høve til eit besøk i sommar, så er det vel verdt turen!! Tusen takk til Reidun for denne opplevinga!






 Reidun er utdanna innan saum og forming, og ho har brukt mange teknikkar i tekstilane ho har laga. Her er det brukt hekling, fletting og truleg saum på forsvinningsplast.

På begge sidene her er blonden laga i teknikken "Hedebosøm".  (Her ser du andre bilder av teknikken)


 Her er det brukt "Mola-teknikk". (Her kan du sjå døme korleis ein brukar denne teknikken.) Teknikken er vald ut frå historia til kvinna, her er det bølger som er temaet, for denne kvinna tok over og dreiv fiske etter mannen som omkom på sjøen.














 Nydelig dekorsying, truleg sydd med stoppefoten.


 Sjå på denne vakre blusen med blomsterranker og blad!










 Nydeleg mat i kafeen etterpå, pai med salat og Pavlova til kaffien.



 Ved sida av kafeen er det eit eige galleri for eksterne utstillarar, i sommar er der ei flott utstilling med skulpturar.






Under ser ein utsikta mot sjøen frå Kulturhuset Heimen.






 Dagen vart avslutta med eit besøk på Grotlesanden som ligg ein god kilometer vestover. Herleg plass i nydeleg ver!









Vi takkar arrangøren og kvarandre for at vi fekk ein så kjekk tur, og håper at bilda også er til glede for dei som ikkje hadde høve til å vere med!