tirsdag 25. oktober 2016

Bilder frå oktobermøtet.




















 Primula Design arrangerte Bernina-kurs v/Merete Ellingsen no i oktober, kjekt og veldig lærerikt!









  Haldis har laga flott bryllupsutstyr til datter som gifta seg i august.

 Del til AnnaKas juetreteppe, mønster i Quiltemagasinet 4/16. Til dei medlemmane som har tenkt å sy dette teppet, så har klubben kjøpt 10-graderslinjalen som ein treng til dette runde teppet.

Den same linjalen skal vi m.a. bruke på julekurset  (vi syr rund "husduk") med Brita Rundgren no i november. Om det er nokon som ikkje har fått meldt seg på dette kurset, så er det enno ledige plassar!! Kontakt Ingun for påmelding!




 Løpar i teknikken "Twisted ribbons", om du vil sjå mange variantar av mønsteret (laga berre av tekantar!!), så har Quiltemagasinet ei flott samling på Pinterest om akkurat denne. HER kjem du dit!

Sjå også dei andre flotte "tavlene" HER som Quiltemagasinet har laga på Pinterest, her finn du mange flotte idear!!




 Toalettvesker sydde på Janomekurs v/Siv på Lappestua
Anne Marie sitt resultat av dei to siste møtekveldane, stjerna i midten er laga med linjalen "Lazy Angle" og på dette møtet lærte vi å lage rund ramme rundt.
 Elna har laga modell til Primula Design, bildet under viser ein smart måte å lage oppheng på baksida. Her er det berre å putte inn ein passeleg lang pinne og å henge opp!

Blokk laga med linjalen "Hunter star".
......fint penalhus sett på møtet.....

 Primula Design stilte med dei nyaste varene i butikken,....og gode tilbod på stoffpakkar. Det gjorde også Siv frå Lappestua.

 Matvertane stilte denne gongen opp med skikkeleg tradisjonsmat: Natronkaker og Råmelkspudding! Takk til dei for ei skikkeleg gourmetoppleving, ja det var mange som ikkje hadde smakt råmelkspudding på årevis,....eller aldri smakt det!! Vil du ha oppskrifta på natronkakene, så finn du den HER!



Ingen kommentarer: