søndag 2. oktober 2016

Velkommen til oktobermøte!

Tysdag 4.10 møtest vi vel??? 

Stokkenes Gjestegard er staden og mellom kl 18.30-21.30 skal vi kose oss med stoff, symaskin, idedeling og kanskje litt handel?? (....og ein kaffipause!)

Kveldens tema er å halde fram med det vi starta med på forige møtet:

  • Bruk av linjalen "Lazy Angle". 
  • Dei som ikkje var der sist, kan få demonstrert teknikken.
  • Vi skal sy ei rund ramme rundt den vesle blokka vi laga sist, så ta med eit høveleg stoff i farge og storleik til dette. Ramma skal syast dobbel, så ta med nok stoff!
  • Vliselin 200 eller 250 i "rammestørrelse". (Ingun tek med om nokon ikkje har!)
  • Ta med symaskin!!
Denne gongen vil vi ha "Vis og fortel", håpar at mange tek med seg noko å vise fram!

Velkommen!


Ingen kommentarer: