lørdag 5. november 2016

Kurs med Brita Rundgren!

No er vi begynt å glede oss til kurset med Brita Rundgren!

Helga 18-20. november samlast vi til eit triveleg og lærerikt kurs med Brita! Dette vert "julekurset" vårt, her kan vi sy både jul- og "heilårs-produkt"!

Vi skal ta utgangspunkt i dette mønsteret som kursdeltakarane kjøper frå Craftsy (kostar berre 8 $), husk å laste ned mønsteret til kurset! Om du treng hjelp til det, kontakt Ingun!


Dette mønsteret skal vi bruke til utgangspunkt til kurset, og vi ser føre oss at her kan vi lage ein liten "juleby" på ein rund eller firkanta duk. Som bakgrunn skal vi ha eit einsfarga stoff på ca 70x70 cm, så dette vert ein høveleg størrelse, men som ein ser på dei minste husa på bildet, så kan ein nok krympe storleiken til små brikker også! Bilda er frå "Persimon dreams".



Denne varianten er funne på FB-sida til Michelle Tade Benton


Ein variant funne på Pinterest, HER kjem du til mange bilder av både hus og andre ordinære "Dresden"-arbeid.

På dette helgekurset med Brita skal vi også få lære nokre variantar av Meshwork, ein fletteteknikk med stoff i ulike fargar som gjev fine 3-D effekter. Brita har hatt kurs om dette i regi av Norsk Quilteforbund, HER kan du sjå ei kursomtale.


Brita har halde mange kurs i Meshwork, HER kan du sjå frå eit kurs hos quiltelaget Herøyfjerdingen! 

Elisabeths quilteblogg ser du kva ho laga på kurs med Brita!


Vi ser no at vi har nokre ledige plassar på kurset vårt, så vi opnar no opp for at andre enn våre medlemmar også kan få delta på kurset. Ta i så fall kontakt med Ingun på tlf. 99482474 snarast!

onsdag 2. november 2016

Spiralquilting!

Ein ser ofte no at det vert brukt "spiralquilting/sirkelquilting" på både små og store arbeid. Dette ser kanskje vanskelig ut å få til, iallefall om ein vil ha heilt perfekte sirklar.
Bildet over er frå "Eye candy quilts", besøk sida og sjå tips!
Bildet er frå "Quiltingdaily".

Det finst nok fleire måtar å få til dette på,  deler her tips som ligg tilgjengeleg på internett.

Det finst sirkelapparat til dei fleste symaskiner, men det kjenner ikkje underteikna nok til, difor er ikkje det med her.



På sida Flourishingpalms ligg det ute ein flott bildeserie som viser korleis ein syr i sirkel ved hjelp av enkelt tilleggsutstyr.

"Crazy mom quilts" har også ein flott serie om sirkelquilting, her er det tegna opp og du syr med vanleg labb eller stoppefot.


Du kan også quilte med oval form!!

På sida "The quilting edge" ligg det også ein godt forklart framgangsmåte du kan sjå på!