fredag 2. desember 2016

2. desember!

Juletreet i dag er eit tre med eit litt rufsete men vakkert tre, funne på Pinterest.


Her kan ein trygt seie at det er eit samansett tre, her er det litt av kvart av tekstilar; krokalisser, band, jarekantar, blonder, stoffbitar og knappar som passar inn. Treet ser ut til å være festa med berre ein saum, men dei små bitane er truleg festa enten med små sting for hand eller limt på. Passande lim her er enten Roxanne-limen eller å bruke vlisofixbitar.

Eit slikt tre kan også lagast i lag med barn, ja kanskje lurt å sleppe dei til, for dei sit ikkje og pirkar og plasserer slik som vi vaksne ofte gjer!!

Eit lite tips på slutten: Du treng ikkje bruke så mange bitar som du ser her, berre nokre få bitar i ulike kvalitetar, litt perler, paljetter og band, lim det på stoff eller papir, lag ei lita ramme rundt og vips så har du eit heilt personleg julekort!!

Lykke til med dagens tre!

Ingen kommentarer: