lørdag 31. desember 2016

Bilder frå desembermøtet!

Møtet vårt i desember trekkjer som vanleg fullt hus, det gjorde det også i år. Eit flott pynta møterom, dempa lys, ekstra god mat gjer møtet til ei triveleg stund for oss alle.




Takk til matvertane denne gongen som gjorde så flott arbeid,..... det vart nesten som ein liten firmafest for oss med quilting som tilleggsjobb!!



 Primula Design hadde med eit flott utval frå butikken sin, nye mønster og stoff som passa til!


Kvart år har vi ei lita gåve på julemøtet til medlemmane, det er ei overrasking som Siv frå Lappestua-Eid brukar å lage til. I år vart det bretting av stoffstjerne, og medlemmane vart så oppslukte av arbeidet at det vart ganske stille blant oss, nesten 40 frammøtte!!

Om du har gløymt korleis du brettar stjerna, så finn du ein video med god instruksjon her:


Det var mykje fint å sjå på "Vis og fortel", og det vart nok mange rundt om som fekk av desse flotte arbeida i julegåve!





 "Rund husduk", frå kurset med Brita Rundgren.
































 Inger hadde med seg ei gåve ho hadde fått, ein nydelig liten quilt sydd av Gun V. Messel.










Ingen kommentarer: