søndag 5. februar 2017

Februarmøte!

Det er tid for å møtast att!
Tysdag 7. feb kl 18.30-21.30 skal vi ha ein kjekk kveld på Stokkenes Gjestegard!  Om det er nokon som har lyst til å sjå kva vi gjer på møta, vurderer å bli medlem, så er de velkomne!

På møtet denne gongen er temaet Meshwork. Laila Brekke vil vise teknikken, og så er det opp til oss andre å prøve og øve og øve!!



(modell frå kurs med Brita Rundgren nov. -16)

Vi håpar at flest mogleg vil delta i denne aktiviteten. Nokre av medlemmane har lært dette på kurs før, men då er det fint om dei kan hjelpe og rettleie dei som aldri har prøvd dette.

De må ta med dykk litt utstyr, og om de ikkje har det som trengs, så har både Lappestua-Eid og Primula design dette.

Vi skal flette ruter og då treng vi :
2 ulike stoff

Skjæreutstyr

Skråbandsbrettar 12mm
 OBS! Om du har skråbandsbrettar, men ikkje har tenkt å bruke den på møtet, kan du då ta den med deg og ha den til utlån denne kvelden? Det er ikkje sikkert at butikkane våre har mange nok ......

vlisofix-strimler 10mm

Rasterquick -ruter

Knappenåler som tåler strykejern, gode gammaldagse!!

Ei plate å flette på, du kan bruke ei stiv plate som er trekt fleire lag med stoff på.  Plata må tåle varme og nåler (isopor smeltar ved varme). Har du plate som på bildet under, er den perfekt.

Vevenål

Saks
Kanskje vi kan oppmode alle som har, å ta med seg brettar/strimlar sjølv om dei ikkje har tenkt å vere med på opplegget?

Vi oppmodar også alle som har laga meshwork, til å ta med til inspirasjon for andre.

16. februar skal vi ha eit kveldskurs der Synnøve vil lære oss Bargello-teknikken. du får meir info på møtet. 

Vi håpar at dei som har sydd noko i denne teknikken, kan ta med seg på møtet både til inspirasjon og "Vis og fortel". Det gjer ikkje noko om vi har sett det før!!


 Denne løparen i bargelloteknikken har underteikna sydd på eit kurs for mange år sidan.

Då ynskjer vi alle velkomne til ein aktiv møtekveld!


Ingen kommentarer: