onsdag 15. mars 2017

Årsmøtet er over!

Forige helg hadde vi ei flott "årsmøtehelg". I kombinasjon med eit fullteikna kurs med Helle Løwenskiold, så arrangerte vi årsmøte laurdag formiddag.

Det var vanlege årsmøtesaker og 3 innkomne saker som vart drøfta med dei mange frammøtte. Vi hadde gode innspel frå deltakarane på møtet. Om medlemmane ynskjer å vite meir om avgjerder vi tok, kan ein kontakte sekretær for å lese referat.

Takk til møtedeltakarane for positive og kreative innspel i sakene.

Så til valet:

Vår gode leiar gjennom heile 6 år, Anne Marie Holsvik, valde no å gå ut av styret. Ho har vore ein tydeleg og samlande leiar, og det blir ikkje lett å "hoppe etter Wirkola"! Vi reknar med henne som ein rådgjevande medlem i framtida, så dette skal nok gå bra! Tusen takk for jobben du har gjort Anne Marie!


I tillegg gjekk kursmedhjelpar Grete Midthjell ut av styret, vi takkar henne for innsatsen!

Det nye styret ser slik ut:


Leiar                            Mariann L. Hatlenes                    2018
Nestleiar                      Torunn Føllesdal Utnes                2018
Kasserer                       Rigmor Kvalheim                        2019           
Sekretær                      Laila Utnes Piel                            2018
Materialforvalter          Laila Brekke                                 2018
Kursansvarleg             Ingun Vaksdal                               2019

Revisor                        Ingebjørg Lillebotn Utnes            2018
                                    Inger Lise Strand                          2019                                                 

Valnemnd 2018           Anne-Marit Ripe Daviknes          2018
                                    Hilde Strøm Os                             2018
                                    Mona Skålerud                              2019
                    
Leiar og nestleiar tek med seg dei oppgavene dei har elles
Kursansvarleg og matrialforvalter  jobber saman


Ingen kommentarer: