fredag 17. mars 2017

Vi har fått ein PRIS!!

På årsmøtet vårt 11.3 fekk leiar den store æra å fortelje dei frammøtte at klubben vår har fått ein pris frå "Studieforbundet kultur og tradisjon".

Blant over 100 lag vart vår klubb plukka ut som ein av i alt tre lag til å vinne ein pris på kr 5000!

"Ein million på rett kurs!"



Vi vart sjølvsagt gledelig overraska, for dette ante vi ikkje noko om før vi vart kontakta av Studieforbundet for kultur og tradisjon. Medlemmane våre applauderte nyheten og synest det er kjekt at den store aktiviteten i klubben vår vert lagt merke til utanfor vår region!

Vi har mange gode kurs i klubben vår, og hittil i år har vi hatt 3 kurs med stor deltaking.


Beklager dårlig bildekvalitet, skal bytte til eit bedre bilde seinare!

I Norsk Quilteblad som kom ut denne veka, står artikkelen der desse "tekstbilda" er henta frå.

Ingen kommentarer: