fredag 28. april 2017

Regionstreff våren 2018!

Vi har teke på oss å arrangere Regionstreff neste år, datoen er 8.4! Staden vert Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid.

Dette treffet er eit årleg treff som vert arrangert av quiltelag i Sogn og Fjordane, og alle lag kan søkje om å få arrangere. I år var det desverre ikkje noko lag som har teke på seg arrangementet, dette synest vi er litt trist, difor bestemte vi oss for at neste år SKAL det bli!! 

Vi er tidleg ute med infoen no, men vi vil gjerne dele dette med dykk så de har eit arrangement i vår region å gle dykk til. Dette er ein flott møtestad for alle som er interesserte i quilting, her er det rom for alle innan både tradisjonell lappeteknikk og friare former innan art-quilt.

Det er utstilling av quiltearbeid på kvart treff, så om du har noko du er i gang med, så rekk du å bli ferdig til neste vår! Alle kan melde inn quiltearbeid til utstillinga!

Vi kjem tilbake med meir info når det nærmar seg. Det er ogå mogleg at oppdateringar vert lagt inn på dette innlegget seinare.

Arrangementet er eit ope arrangement for alle, både frå vårt fylke og elles, men det vil være påmelding til måltid og foredrag. Dette kjem vi tilbake til seinare.

I 2014 arrangerte vi også Regionstreff i Operahuset, HER kjem du til innlegget frå treffet.