onsdag 30. august 2017

Velkommen til septembermøtet!

Det går mot haust så no er det på tide å starte opp att med kjekke møter i quilteklubben vår!

Tysdag 5.9 kl 18.30 møtest vi att på Stokkenes Gjestegard.
Etter ein lang ferie vert det kjekt å sjå kvarandre att, og om det er nokon som ynskjer å bli med i klubben vår, så er dei også velkomne!

Organiseringa av møta vert slik vi har hatt det med nyttig info om:

  • Orientering om aktiviteten i hausthalvåret (møter og kurs) v/Ingun og Laila U.P
  • Referat frå styremøte 29.8.17 v/Laila U.P
  • Info om førebuingane til Regionstreff  8.4 2018 i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid v/Gitte og Aslaug
  • Kveldens aktivitet v/Ingun
  • Sybutikken Primula Design blir der med fristande varer.
  • Kaffipause med noko attåt, v/Matvertane (ansvarsliste står på høgresida på bloggen her)
Denne hausten har vi valt å ha eit tema der vi ser langt austover,.....heilt mot Japan.  

Vi tek rett og slett ein JAPANSK HAUST!! 

Her har dei lange tradisjonar innan stoffproduksjon, handarbeid, og quilting i ulike teknikkar og stoff. Du kan lese litt på bloggen Blossom heart quilts om quilting i Japan!


Bildet er lånt frå bloggen Signes sammensurium, her finn du fleire bilder også!

På septembermøtet vert temaet JAPANSK bretteteknikk.

Vi skal lage denne blokka i to variantar:
  • Med handsaum
  • Med symaskin
Du vel kva for ein teknikk du vil prøve, ta med deg utstyr slik:
  • "Vanleg syutstyr"
  • Synåler eller symaskin!!  :)  :)
  • Eit stoff på ca 25 x 25 cm
  • Eit stoff på ca 15 x 15 cm (kontrastfarge til det første stoffet)
  • Litt tynn vatt, ca 15 x 15 cm
  • Om du har litt tynn kartong ca 25 x 25 cm, så ta med det! (Og papirsaks i så fall)



Du kan lage samme blokka med symaskin, i MyQuilt 2/17 stod det mønster til denne løparen av Kari Renolen. Bilda over viser hennar løpar som var på utstilling i Sybutikken Lillehammer.

Det vert "Vis og fortel", så ta med deg noko som vi andre kan få sjå!!

Velkomne!

Ingen kommentarer: