søndag 15. oktober 2017

Bilder frå oktobermøtet!

 Kveldens tema var "Needleturn", å applikere for hand. Laila U P har gått på kurs hos AnnaKa og laga modellen under her på kurset, no lærte ho frå seg litt teknikk til slike små applikasjonar. Temaet vårt akkurat no er "Japansk haust", og vi henta motiv til applikasjon frå japanske quiltebøker.

Sybutikken Primula Design hadde med eit fint utval av japanske stoff, nokre i grov bomull og nokre i tynt glatt bomullsstoff.

Tema på forige møte var Japansk bretteteknikk, her under er eit par av resultata som er jobba med heime!






 Randi har sydd to tepper i teknikken "Kaleidoskop", dette skal vi ha søndagskurs i no søndag 22.10. Det er enno ledige plassar på kurset, så kontakt Ingun om du finn ut at dette vil du lære! Sjå eige innlegg på bloggen om kurset!






















 Sybutikken Primula Design hadde med mykje flotte varer, og ho fekk mykje skryt for ein flott presentasjon av varene sine. Takk til eigar Ingun som alltid inspirerer oss mykje på kvart møte!!!






Ingen kommentarer: