torsdag 9. november 2017

Eit Nøkkelhus!!

På siste klubbmøte var temaet å sy eit lite "hus" til nøklane. Vi delte ut mønster til ein modell med blomsterdekor, applikert på eine sida og brodert på den andre.


Om du vil sy eit "ekte hus", så ligg det ute mønster og framgangsmåte til denne på den italienske bloggen "Il bello del creare" , iflg. appen Google translate så betyr namnet på bloggen: "det gode for å skape",......er vel skaperglede på italiensk!!!

På bloggen er det mange bilder steg-for-steg så det gjer ikkje noko om du ikkje forstår italiensk!!

Kos deg med syinga!!


Ingen kommentarer: