torsdag 15. februar 2018

Bilder frå februarmøtet!

Tema på møtet denne gongen var å sy ein liten samanleggbar ruskepose, og mange fine vart laga denne kvelden. Takk til Haldis som viste oss teknikken!











 Til dette møtet hadde vi oppfordra medlemmane til å ta med Mug rug til utstilling, her var det mykje fint å sjå!





















 3 gamle tepper vart vist fram, desse er truleg sydde på 80-talet ein gong. Teppet under er sydd av crimplene-stoff. For dei som ikkje veit kva dette er, er det limt inn klipp frå nettet her:

Crimplene er laget av polyestergarn, et kraftig materiale som er kjent for å beholde sin form og rynke lite. Crimplene var et populært stoff på 1950- og 60- tallet. Stoffet ble mindre populært i senere tiår fordi folk foretrakk lettere polyester eller naturlige stoffer som bomull.

 Ein skikkeleg gammal løpar er endeleg blitt ferdig, med nye kantar rundt er den blitt eit bordsmykke!











Motiva på desse to toalettveskene er finfint handarbeid som er kjøpt på den eksotiske øya Reunion.











Ingen kommentarer: